ULVIK – Sjukeheim

Ulvik Herad

Hordaland, Ulvik
Lagt ut for 1 uke siden

Detaljer om eiendomen

Bolig typeNæringsbygg
AdressePrestagarden 14, 5730 Ulvik
P-rom2450
Byggeår1974
VisningEtter avtale
Del stillingen:

Job Description

Prestagarden 14, 5730 Ulvik

Type lokale: Andre
Areal: 2450 m²
Byggeår: 1974
Overtakelse: Vår 2020

Beskrivelse

Ulvik herad vurderer å selge Ulvik sjukeheim.

Eigedomen består av to parsellar. Hovuddelen, der sjukeheimen ligg, har eit areal på ca. 6 411 m2. På motsett side av vegen, ligg ein parsell på ca. 878 m2, som i dag er i bruk som parkering for sjukeheimen. Samla areal er ca. 7 289 m2.

Eigedomen omfattast i dag av reguleringsplan for Prestagarden/Brakanes, der eigedomen er regulert til kommunalteknisk verksemd. Endra bruk av eigedomen vil medføre krav om reguleringsendring. Ulvik herad ynskjer å legge til rette for endra bruk av eigedomen, og oppfordrar difor interessentar til å skissere til kva føremål eigedomen er tenkt nytta, samt antyde mogeleg kjøpesum. Det vert gjeve frist for dette til 24.5.2019.

Sjølve sjukeheimsbygningen har eit bruttorareal på ca. 2 450 m2, eks. loftet.

Saman med sjølve sjukeheimsbygningen vert og Prestagarden 6, 8 10 og 12 seld. Desse nyttast i dag som omsorgsbustader. Desse ligg og på gnr. 53 bnr. 165.

Det visast til vedlagde fotografi og brannteikningar, for nærare spesifikasjon av dagens innhald i sjukeheimen. Det er ikkje bilder av omsorgsbustadane i Prestagarden 6, 8, 10 og 12.

Før bindande avtale vert inngått, oppfordrast interessentar til sjølv å gjennomgå eigedomen, både med tanke på noverande standard, situasjon og framtidige mogelegheiter.

Ta kontakt for ytterlegare informasjon.

Standard

Ulvik sjukeheim er bygd ut i fleire byggetrinn. Den eldste delen stod ferdig i 1974. Sjukeheimen vart utvida mot sør i 1997. Kjøkkenet vart bygd om i 2008.

Dagens standard oppfyller ikkje dagens krav til denne type institusjon (dvs. dagens krav til bebuarrom, rasjonell organisering, drift mv), og vurderast difor seld.

Det er ikkje innhenta tilstandsrapport.

Beliggenhet

Eigedomen ligg inst i Hardanger, med nydeleg utsikt over Hardangerfjorden. Gode solforhold. Eigedomen ligg sentralt i Ulvik herad, eit kort stykke frå Ulvik sentrum.